Skredlære og kameratredning

Dagskurs på Mjølfjell Ungdomsherberge

12.desember 2020

Når eit snøskred rammar eit turfølge, startar ei nådelaus stoppeklokke. Innan 15 minutt må dei begravde ut av snøen, om dei skal ha gode sjansar for å overleve. Det betyr at turkameratane må stå for redninga. På dette kurset øver vi på å handtere slike situasjonar.  

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Kursinnhald

Denne tida av året egner seg godt til å friske opp kunnskap om turplanlegging, skredlære og vegval i vinterfjellet. Våre dagskurs er ein døropnar til vidare læring og bidreg til auka tryggleik på turane dine. Vi kombinerer teori og praksis slik at læringsutbyttet blir størst mogeleg.  

 

Vi startar denne laurdagen med ei innføring i grunnleggande skredlære og kva faktorar som påverkar skredfaren. Vi går gjennom nokre rapportar frå skredulykker, og hentar lærdom frå dei. Etter lunsj går vi ut og trener på å bruke vanlig skredutstyr til kameratredning. Vi øver på situasjonar som krev organisering av søket, presis lokalisering og effektiv utgraving frå snømassane. Litt grunnleggande førstehjelp tek vi ôg med, om tida strekk til.

Etter kurset skal du vite kva faktorar som avgjer skredfaren rundt deg. Du skal vere i stand til å bruke skredutstyr (spade, elektronisk sendar/mottakar og søkestong) til å gjennomføre kameratredning av skredtekne. Kurset gir ei grunnleggande innføring i nokre tema som inngår i våre meir omfattande skredkurs.

Nokre aktuelle moment denne dagen:

  • Grunnleggande skredlære. Kva fører til snøskred?

  • Alarmteikn – når er skredfaren størst?

  • Riktig bruk av elektronisk sendar/mottakar.

  • Riktig bruk av søkestong og spade.

  • Prinsipp for organisering og gjennomføring av søk etter skredtekne.

  • Korleis redusere risikoen for skredulykker?

  • Førstehjelp for skredtekne.

Krav til deltakarar

Dagskurset passar for alle som ferdast på ski utanfor løypene i vinterfjellet. Du treng ikkje å ha kunnskap om skred, kart og kompass eller vere dyktig på ski. Kurset passar ôg godt for deg som har litt turerfaring, kan litt om skred og/eller treng å få kvalitetssikra din eigen kunnskap.

Deltakarar må vere i normal fysisk form, føle seg friske og vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka og legg vekt på god handhygiene og har redusert talet på plassar.

Naudsynt turutstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller.  Ta gjerne med termos med varm drikke og hovudlykt. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. 

Praktisk gjennomføring

Kurset finn stad på Mjølfjell Ungdomsherberge. Vi møtast i peisestova kl 9.30. Vi startar med ei inneøkt som held fram til lunsj. I pausene kan vi nyte herleg, ferskbrent kaffi frå Voss Kaffibrenneri, som held til på Ungdomsherberget. Etter matservering kler vi på oss og er ute resten av dagen. Vi avsluttar innan kl 16.

Kursleier heiter Øystein Ormåsen. Han eig og driv Wild Voss AS, som tilbyr opplevingar i fri natur året rundt. Øystein har lang fartstid som turleiar, kursarrangør og instruktør.


Prisar og vilkår

Pris for dagskurset er kr 350,- per person. Dette er eit introduksjonstilbod vi gir før jol.   

 

Inkludert i prisen er lunsj på Ungdomsherberget, kaffi/te, kursmateriell og kursleiing. Du får og låne skredutstyr (spade, søkestong og Sendar/Mottakar) ved behov. Maks antal deltakarar: 10. Vi må ha minst 4 deltakarar for å gjennomføre.

Kostnader til transport kjem i tillegg. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. 

 

Kontaktinformasjon:

Har du spørsmål om dagskurs, send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload