Dagskurs i kart og kompass

- Finn fram i fjellet i dårleg sikt

SH Voss Logo 472px.gif

Mjølfjell, 4.oktober 2020

Haustferien er rundt hjørnet, og fjellet lokkar. Den klare haustlufta innbyr til toppturar med utsikt i alle retningar. Vêret i fjellet skiftar fort, og det er lett å bli overraska av tåke, snøvêr og dårleg sikt. Turen kan fort bli meir krevjande enn du tenkte. Er du i stand til å finne fram i fjellet i dårlig vêr?

Innhald

Sundag 4.oktober inviterar Wild Voss til dagskurs i bruk av kart og kompass. Vi møtast på Mjølfjell Ungdomsherberge og jobbar med kartlesing, kompasskursar og terrengforståing. Kurset startar med grunnleggjande moment og avsluttast med ein rundtur i fjellet der du får testa orienteringsferdigheitene. 

Eit viktig mål med kurset er at du skal få eit realistisk forhold til eigne orienteringsferdigheiter og nokre praktiske råd om korleis du kan få større presisjon i orienteringa. 

 

Kven kan ha nytte av dette kurset?

  • Du som brukar fjellet til hytteturar og vandreturar både sommar og vinter. 

  • Du som vil auke kunnskapen din om orientering med kart og kompass. 

  • Du som treng ei oppfrisking av gammal kunnskap. 

Krav til deltakarar

Deltakarar må vere i normal fysisk form og ha klede og sko tilpassa fjelltur i terrenget. Du må føle deg frisk og vere utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår. 

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må vere friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.

  • Deltakarar må ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

  • Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet. 

 

 

Naudsynt utstyr

Wild Voss stiller med kartutskrift, kompass og skrivesaker til alle. Ta gjerne med eige kart og kompass om du har. Kartmappe er ein fordel, men ikkje naudsynt. Ta gjerne med ein sekk med termos og ein ekstra genser.

Tid og stad for oppmøte

Vi møtast utanfor Mjølfjell Ungdomsherberge sundag 4.oktober kl 9.30. Vi rundar av innan kl 16.

Prisar og vilkår

Dette kurset blir satt opp som eit spesialtilbod til hyttefolk i Raundalen. Prisen er kr 250 per person, og det er plass til 12 deltakarar. ​Inkludert i kursprisen er lunsj på Ungdomsherberget, kartutskrift, lån av kompass og skrivesaker, og 6 timar på kurs. Fersk kaffi frå Voss Kaffi blir servert på kurset. 

Det er mogeleg å melde seg på middag etter kurset for dei som ynskjer (lammegryte - 250 kr for vaksen og 125 for born). 

Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass nå". 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. Desse er oppdatert med særskilte vilkår i høve korona-pandemien.

 

 

Kursleiar

Øystein Ormåsen er kursleiar. Han er daglig leiar i Wild Voss AS, og har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell,  NF Breinstruktør 1, NF Skredinstruktør 1 Alpint og er kursleiar i DNT.

Har du spørsmål, send gjerne epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Deltakarar må sjølv ordne transport. 

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload