Dagskurs skred

- ein introduksjon til grunnleggande skredlære

Våre dagskurs er meint som ein døropnar til vidare læring og bidreg til auka tryggleik på turane dine. Dagskursa kan være retta mot frikøyrarar, fjellskifolk eller toppturentusiastar. Nokon dagskurs har som mål å lære bort effektive teknikkar for kameratredning, medan andre fokuserar på vegval og identifisering av skredterreng.  Eit dagskurs er ikkje meint å være eit komplett skredkurs, men kan inspirere deg til å samle meir turerfaring og kunnskap etterpå. 

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Kursinnhald

Våre dagskurs kan ha ulike format - tilpassa ulike målgrupper. Nokre døme på ulike kursformat: 

  • Turplanlegging og vurdering av skredterreng med fokus på utstyr, turplanlegging, undervegsvurderingar og vegval. Her er ofte målet å gjenkjenne skredterreng, for å kunne unngå det. 

  • Skikompismønster for ferd i skredterreng. Her handlar det om å unngå terrengfeller, planlegge linjeval opp og ned, iverksette risikoreduserande tiltak og unngå beslutningsfeller.  

  • Kurs i kameratredning og trening på ulike redningsituasjonar. Vi har gode erfaringar med å rigge til realistiske øvingsarenaer, der deltakarane får kjenne på stress og situasjonsleiing ved kameratredning.

  • Vurdering av lokal skredfare ved hjelp av aktiv sansing, identifisering av alarmteikn og vurdering av skredproblem. Inkluderer grunnleggande snøkjennskap. Bruk av varsom.no og RegObs inngår her. 

I dei fleste tilfella blir skredlære fletta inn som tema undervegs på tur, slik at eit skredkurs vil innebere mykje praktisk trening og utetid. 

Krav til deltakarar

Desse kursa er ikkje meint for erfarne skikøyrarar/toppturentusiastar som allerede har deltatt på skredkurs. Kanskje har du gode skiferdigheiter, men manglar litt skredkunnskap? Eller kanskje du nettopp har fatta interesse for skikøyring eller skiturar til fjells, og vil ha litt påfyll av kunnskap? Du må uansett kunne kle deg for vinterturar og kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned.

Naudsynt turutstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Skiutstyr kan leigast i Voss Resort eller i Myrkdalen.

Praktisk gjennomføring

Eit typisk dagskurs varar i 5-7 timar, avhengig av kursopplegg og målsettingar. Kvart enkelt kurs har sin eigen plan. Planen blir lagt ut her så snart som råd, og blir sendt ut til alle deltakarar nokre dagar før kurset.

 

Det einskilde dagskurset vil være knytta til ein bestemt stad - til dømes skiterrenget nær Voss Resort eller fjella i Raundalen. 


Prisar og vilkår

Pris for dagskurs er kr 990,- per person, med mogelegheit for gruppeprisar med rabatt. Send forespurnad. Kursdatoer og stader er ikkje klare enda, men blir gjort tilgjengelig så snart som råd.  

 

Kursprisen dekker alt naudsynt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør, naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og avhenger av kursstad og reisemetode. 

Les om våre standard vilkår for påmelding og betaling her

 

Kontaktinformasjon:

Har du spørsmål om dagskurs, send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload