Turplanlegging og terrengvurdering

Dagskurs på Mjølfjell Ungdomsherberge

5.desember og 12.desember 2020

Skred losnar ikkje kvar som helst og når som helst. Sjølv på dagar med varsla skredfare finst det skiturar du trygt kan gjennomføre. På dette dagskurset lærer du nokre metodar som gir sikre svar på kva terreng som er trygt å gå i og kva terreng du bør unngå.

vurdering_veivalg_800x600.jpg

Øv på trygge vegval 

Kursinnhald

Denne tida av året egner seg godt til å friske opp kunnskap om turplanlegging, skredlære og vegval i vinterfjellet. Våre dagskurs er ein døropnar til vidare læring og bidrar til auka tryggleik på turane dine. Vi kombinerer teori og praksis slik at læringsutbyttet blir størst mogeleg.  

 

Denne laurdagen gir vi ei innføring i ein metode for turplanlegging, inkludert bruk av nokre nyttige digitale hjelpemiddel. Etter lunsj tar vi ein skitur i nærområdet der vi testar turplanen vår. Vi jobbar med å kjenne att skredterreng og å gjere gode vegval. Etter turen evaluerer vi dagen, for å sikre at erfaringane vi gjorde får nytte for oss på framtidige turar.

Når kurset er over skal du kunne bruke nokre viktige hjelpemiddel til systematisk turplanlegging, og vere i stand til å kjenne att skredterreng både på kartet og i terrenget. Kurset gir ei grunnleggande innføring i nokre tema som inngår i våre meir omfattande skredkurs og kurs i vinterfriluftsliv.

Nokre aktuelle moment denne dagen:

  • Turplanlegging med 3x3 filtermetoden til Werner Munter.

  • Lese og forstå vêrmeldinga på yr.no og skredvarselet på varsom.no.

  • Bruk av brattleikskart.

  • Kartlesing og ruteplanlegging.

  • Naudsynt utstyr.

  • Identifisere skredterreng.

  • Måle brattleik i terrenget.

  • Gjenkjenne og unngå terrengfeller.

Krav til deltakarar

Dagskurset passar for alle som ferdast på ski utanfor løypene i vinterfjellet. Du treng ikkje å ha kunnskap om skred, kart og kompass eller vere dyktig på ski. Kurset passar ôg godt for deg som har litt turerfaring, kan litt om skred og/eller treng å få kvalitetssikra din eigen kunnskap.

Deltakarar må vere i normal fysisk form, føle seg friske og vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka og legg vekt på god handhygiene og har redusert talet på plassar.

Naudsynt turutstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, og ein liten sekk med ekstra varm jakke. Alle har med skredutstyr (spade og søkestong). Hugs skibriller og hovudlykt. Ta gjerne med termos med varm drikke og eige kart og kompass om du har. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. 

Praktisk gjennomføring

Kurset finn stad på Mjølfjell Ungdomsherberge. Vi møtast i peisestova kl 9.30. Vi startar med ei inneøkt som held fram til lunsj. I pausene kan vi nyte herleg, ferskbrent kaffi frå Voss Kaffibrenneri, som held til på Ungdomsherberget. Etter matservering kler vi på oss og er ute resten av dagen. Vi avsluttar innan kl 16.

Kursleiar heiter Øystein Ormåsen. Han eig og driv Wild Voss AS, som tilbyr opplevingar i fri natur året rundt. Øystein har lang fartstid som turleiar, kursarrangør og instruktør.

Prisar og vilkår

Pris for dagskurset er kr 350,- per person. Dette er eit introduksjonstilbod vi gir før jol.   

 

Inkludert i prisen er lunsj på Ungdomsherberget, kaffi/te, kursmateriell og kursleiing. Du får og låne skredutstyr (spade, søkestong) ved behov. Maks antal deltakarar: 10. Vi må ha minst 4 deltakarar for å gjennomføre.

Kostnader til transport kjem i tillegg. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. 

 

Kontaktinformasjon:

Har du spørsmål om dagskurs, send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

Øystein Ormåsen

Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload