Kurs i alpin skibestigning

- skredlære, teknikkar og taubruk

29.april - 1.mai 2022

Ser du fram til vårskiturar høgt til fjells? Store Ringstind, Lodalskåpa, Dyrhaugsryggen, eller Smørstabbtindane? Dette kurset er ei førebuing til slike turar. Raundalen utanfor Voss har toppar, ryggar og flanker som gir god trening til alpine turar. Seint i april har snøen satt seg i lågare fjellstrok slik at det er tryggare å ferdast i bratt snø. Vi bruker helga til å trene på teknikkar som trengst på høgare fjell seinare på våren. 

DSC_5106_edited.jpg

Ein introduksjon til brattare turar og høge fjell

Kursinnhald

Dette kurset byr på lange vårdagar med toppturar, flotte nedkøyringar og mykje praktisk trening. Målet med kurset er å gjere deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på moderate vårskiturar i alpine fjellområder. Kurset gir basiskunnskap og ferdigheiter som trengst på ryggtraversar, i bratte snøflankar og på brear. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Raundalen og Raundalsryggen nær Voss har mykje terreng som eignar seg godt til denne typen kurs - både på nordsida og sørsida. 

Vi etablerer teltleir i Horndalen nord for Horndalsnuten fredag kveld. Frå leiren ved tregrensa har vi kort veg til mykje godt øvingsterreng og er sikra innhaldsrike dagar utan å bruke mykje tid på transport og anmarsj.

​Nokre aktuelle kursmoment: 

  • Korleis bruke RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel til turplanlegging?

  • Vurdering av terreng. Brattleiksvurdering og konksekvenstenking.

  • Bruk av isøks og stegjern på bratt snø. Snøbakketeknikk. 

  • Metodar for rappell på snø og fjell.

  • Bruk av sikringsmiddel på snø og fjell. Bygging av standplassar.

  • Grunnleggande metodar for redning frå bresprekk. 

  • Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 

  • Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar

Du har minst eitt års erfaring frå toppturar på ski i ulike områder og har skredkunnskap som tilsvarer grunnkurs skred eller høgare. Du må kunne ferdast på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. 

 

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Du treng telt, sovepose, liggeunderlag og anna naudsynt leirutstyr. Kursleiar sender ut detaljert pakkeliste og samkøyrer pakking av felles leirutstyr før kurset.

 

Naudsynt klatreutstyr

Stegjern, isøks (breøks), klatresele, hjelm, taubrems, skrukarabinarar og nokre slynger. Leige av naudsynt klatreutstyr er inkludert i kursprisen. 

Praktisk gjennomføring

Oppmøte blir ved Skiple i Raundalen (Google maps) fredag kl 18.00. Der pakker vi alt utstyret i sekk eller pulk og følger stølsvegen til fjells. Kurset startar med ei kveldssamling. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår ustyr. Vi planlegg ôg turen neste dag. 

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Raundalsryggen har mykje terreng som er godt eigna for dette kurset. Val av område heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs. 

Deltakarane organiserer sjølv transport, og alle måltid undervegs på kurset. Vi hjelper deg gjerne med tips og råd om du treng det. 

​Kurset avsluttast sundag innan kl 19.00. Alle får kursbevis.

 

 

​Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 4250 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell, leige av skredutstyr og leige av klatreutstyr. 

Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av deltakarane sjølve.

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på kurs nå". Kurset må ha minst 3 deltakarar for å bli gjennomført. Kurset har 6 plassar. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. 

 

 

Kursleiar

Kursleiar er Carlos Abraldes Szigriszt. Han er NF skredinstruktør 1 alpint, klatreinstruktør 1 høgfjell, og fast tilsett heilårsguide i Wild Voss. Han har lang erfaring frå skikøyring i Pyrenèane, Alpane og i norske fjell. Han har halde skredkurs for Wild Voss i to vintersesongar, og kjenner Vossafjella like godt som sine heimtrakter i Spania. 

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Carlos: post@wildvoss.no eller ring på 94105103.  

Naudsynte førebuingar

For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vær og forhold utviklar seg før kurset. Les værvarselet for området jevnlig uken før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjoner fra nærområdet.

 

 

Kursmateriell (deles ut på kurset)

Skredkort, faregradsskala, skjema med 3x3 filter metode, kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

 

 

Anbefalt litteratur:

Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .