Oppfriskingskurs i klatring

- klatring, sikring, rappell og brattkort.

Staup, 12.september 2021

På dette kurset får du øve på metodar og prosedyrer som du vil ha nytte av på bolta klatreklippe i låglandet. Vi øver på bruk av taubrems, klatring på led, rigging av topptau og bruk av klatreutstyr. Mot slutten av dagen blir det høve til å gjennomføre brattkortprøve. Målet med oppfriskingskurset er å gjere deg til ein trygg og sjølvstendig klatrar, både inne og ute.  

20200607_154807.jpg

Øv på klatring og sikring, både på topptau og på led

Innhald

Denne dagen jobbar vi mellom anna med:

​​

  • Innbinding, knutar og kameratsjekk

  • Sikring av klatrar på topptau og på led.

  • Klatring på topptau og klatring på led. 

  • Snuprosedyre på toppen av ei klatrerute.

  • Rigging av topptau på utandørs klippe med boreboltar. 

  • Brattkortprøve for dei som er klare for det.

  • Konsekvenstenking og risikovurdering.

  • Litt om klatreutstyr, levetid og korrekt bruk.

Kven kan ha nytte av dette kurset?

  • Du som har klatra før, men treng ei oppfrisking. 

  • Du som berre har klatra innandørs, men er komfortabel både med klatring og sikring (har brattkort).

Krav til deltakarar

Du har klatra før (inne eller ute), og har noko basiskunnskap. Du treng ikkje å vere ein aktiv klatrar. Aldersgrense 15 år.

 

 

Naudsynt utstyr

Wild Voss stiller med alt naudsynt sikkerheitsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, karabinarar, taubrems, tau og slynger). Ta gjerne med ditt eige klatreutstyr viss du har. Ta med gode klede tilpassa vertilhøva. Hugs lunsj, drikke og noko snacks. Det blir ikkje servering av middag eller annan mat. 

Praktisk gjennomføring

Vi møtast kl 9.00 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen! Lukk att grinder om naudsynt.

Vi startar med å gå gjennom nokre grunnleggande moment. Det blir tid til fleire repetisjonar og mykje klatretid. Kurset er lagt opp slik at deltakarane i stor grad er sjølvgåande, men med tett oppfølging av kvalifisert klatreinstruktør.  Mot slutten av dagen blir det mogeleg å gjennomføre brattkortprøve for dei som er klare for det. Brattkort gir deg tilgang til innandørs klatresenter i hele landet.

Vi held på til om lag kl 17. 

Prisar og vilkår

Deltaking kostar kr 650 per person. Medlemmar av Voss Klatrarlag får 30 % rabatt, og betaler kr 455,-. Prisen inkluderar 8 timar vegleiing av kvalifisert klatreinstruktør, samt leige av alt naudsynt klatreutstyr ved behov.

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass nå". Deltakarar må ha fylt 18 år for å vere med på temakvelden. Det er 8 plassar. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her

 

 

Instruktør

Øystein Ormåsen er instruktør denne kvelden. Han er dagleg leiar i Wild Voss AS, og har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell,  NF Breinstruktør 1, NF Skredinstruktør 1 Alpint og er kursleiar i DNT.

Har du spørsmål, send epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Deltakarar må i utgangspunktet ordne transport sjølv, men ta kontakt om du treng hjelp med å ordne skyss. 

Foto 1: Hunnalvatn Media

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload