Guided ski touring

Topptur med guide på Voss

1.desember - 15.mai

Opplev gleda ved å sette førstesporet ned frå toppen av eit fjell eller i leikent skogterreng.  Med ein kompetent og lokalkjend guide frå Wild Voss sikrar du deg ein snarveg til den beste snøen i Vossafjella. Nyttig lærdom får du med på kjøpet! Vi har toppturar tilpassa ditt nivå!

Pris per person:

Frå kr 1490

Skitur i Nansens skispor fra Finse til Mjølfjell

31.mars - 3.april og 28.april - 1.mai.

Dette er ein flott langtur på fjellski frå Finse via Hallingskeid over Vossaskavlen til Mjølfjell. Fridtjof Nansen kryssa desse fjella på ski midtvinters 1884, truleg som førstemann. Vi følgjer Nansens historiske rute over fjellet

Pris per person:

Kr 7650

Guida skitur i Raundalen. Ski og tog.

På forespurnad 

15.desember - 15.mai

I øvre Raundalen ligg togstasjonane tett, og her er det lett å kombinere togtur og skitur. Dei fleste stasjonane ligg i nydeleg skiterreng, anten du vil på topptur eller lufte fjellskia. Her oppe kjem vinteren tidleg og varar lenge. Velkommen til det beste området i landet for «ski and train»-turar!

Pris per person:

Frå kr 1490

Raundalsryggen guida skitur.

3.mars, 9.april og 7.mai .

Turen over Raundalsryggen er ein av dei flottaste langturane på ski i Vossafjella. Turen byr på mange motbakkar, nærkontakt med mektig fjellnatur, og ein utsikt som er mildt sagt spektakulær. Når det klaffar med snøforholda kan du sjå fram til nokre verkeleg flotte nedkøyringar.

Pris per person:

Kr 1950