Temakveld: klatremetodar

- Rappell, forankring og utstyrsbruk.

Staup, 16.september 2020

SH Voss Logo 472px.gif

Denne kvelden får du lære nokre basismetodar for rappell, rigging av topptau og bruk av klatreutstyr. Som deltakar får du øvd på metodar og prosedyrer som du vil ha nytte av både på bolta klatreklippe og på turar i høgfjellet. Metodane kan kan ôg kome til nytte ved anna tilkomst i bratt lende, t.d sauesank. 

Photo_Jon_Hunnålvatn_Tøn-09889.jpg

Lær sikre metodar for rappell

Innhald

Denne kvelden set vi fokus på ulike klatretema:

​​

  • Sjølvsikring i eller ved utsatt terreng.

  • Innbinding og knutar.

  • Rappell med og utan boreboltar som forankring. 

  • Rappell over fleire taulengder. 

  • Konsekvenstenking og risikovurdering.

  • Rigging av topptau på utandørs klippe med boreboltar. 

  • Snuprosedyre på toppen av ei klatrerute.

  • Litt om klatreutstyr, levetid, korrekt bruk med meir.

Kven kan ha nytte av denne temakvelden?

  •  Du som har klatra før, men treng ei oppfrisking. 

  •  Du som har lyst til å etablere klatreruter. 

  •  Du som treng å ta deg trygt ned ulendt og bratt terreng.

  •  Du som likar å mekke med slynger, tau og utstyr. 

Krav til deltakarar

Du bør ha klatra noko før, men du treng ikkje vere ein aktiv klatrar.

 

 

Naudsynt utstyr

Wild Voss stiller med alt naudsynt sikkerheitsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, karabinarar, taubrems, tau og slynger). Du må sjølv stille med gode klede tilpassa vertilhøva. Hugs drikke og noko snacks. Det blir ikkje servering av middag eller annan mat. 

Praktisk gjennomføring

Vi møtast kl 16:30 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen! Lukk att grinder om naudsynt.

Vi startar med nokre grunnleggande moment om utstyr. Alle får høve til å praktisere ulike metodar, og det blir tid til fleire repetisjonar. 

Vi held på til det mørknar, om lag kl 21. 

Prisar og vilkår

Deltaking kostar kr 350 per person. Prisen inkluderar 4,5 timar vegleiing av kvalifisert instruktør, samt leige av alt naudsynt klatreutstyr.

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass nå". Deltakarar må ha fylt 18 år for å vere med på temakvelden. Det er 8 plassar. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. Desse er oppdatert med særskilte vilkår i høve korona-pandemien.

 

 

Instruktør

Øystein Ormåsen er instruktør denne kvelden. Han er daglig leiar i Wild Voss AS, og har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell,  NF Breinstruktør 1, NF Skredinstruktør 1 Alpint og er kursleiar i DNT.

Har du spørsmål, send epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Deltakarar må sjølv ordne transport. 

Foto 1: Hunnalvatn Media

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload