Temakveld: improvisert redning

- Basismetodar med enkelt utstyr.

SH Voss Logo 472px.gif

Staup, 22.september 2020

Kva gjer du om uhellet er ute på klatretur? Korleis stabilisere situasjonen og yte hjelp til kameraten din? Denne kvelden ser vi på nokre basismetodar som gjer deg i stand til å bruke enkelt klatreutstyr til å løyse eit knippe kinkige situasjonar. Vi bruker naturleg sikringsutstyr og koser oss med rigging og mekking. 

klemknutegang.jpg

Klemknuter som metode for soloklatring langs tau

Innhald

Denne kvelden kosar vi oss med litt rigging og mekking. Med naturleg sikringsutstyr, tau og slynger jobbar vi med desse momenta:

​​

  • Bygging av standplassar med naturlege sikringsmiddel. Viktige prinsipp og krav til sikkerheit. 

  • Nokre nyttige knuter med tau og slynger.

  • Frigjering frå standplass. 

  • Klemknutegang.

  • Rappell forbi skjøteknute.

  • Rappell sammen med skadd partner.

  • Rappell med omplassering til ny standplass.

  • Konsekvenstenking og risikovurdering.

  • Utstyrsprat. Valg av utstyr.

Kven kan ha nytte av denne temakvelden?

  •  Du som har klatra på naturlege sikringar før, men treng ei oppfrisking av t.d standplassbygging. 

  •  Du som planlegger å klatre lengre ruter på naturlege sikringar eller på is. 

  •  Du som trenger kunnskap om tilkomst og handtering av skadde i bratt terreng. 

  •  Du som likar å mekke med slynger, tau og utstyr. 

Krav til deltakarar

Du må ha erfaring med klatring på naturlege sikringar for å ha nytte av denne kvelden. Du må stille med eigen sele, hjelm, tau og basisutstyr (taubrems, skrukarabinarar, klemknuteslynger, standplasslynger). Du må vere trygg på å henge i tau festa i standplassar som du byggjer sjølv.

 

 

Naudsynt utstyr

Wild Voss stiller med eit breitt utval av naturleg sikringsutstyr som du kan få tilgang til, men du bør ha med noko sjølv. Vi tek med ein del ekstra karabinarar og skrukarabinarar som du kan låne. Du må sjølv stille med gode klede tilpassa vertilhøva. Hugs drikke og noko snacks. Det blir ikkje servering av middag eller annan mat. Hovudlykt kan vere ein god idé.

Praktisk gjennomføring

Vi møtast kl 16:30 ved klatreklippene på Staup (Google kart). Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua. NB! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen! Lukk att grinder om naudsynt.

Vi startar med repetisjon av standplassbygging for å få ein utsjekk på kunnskap og handverk. Deretter jobbar vi oss vidare. Det blir lagt opp til mykje eigenpraksis med mekking og utprøving. 

Vi held på til det mørknar, om lag kl 21. 

Prisar og vilkår

Deltaking kostar kr 350 per person. Prisen inkluderar 4,5 timar vegleiing av kvalifisert instruktør.

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass nå". Deltakarar må ha fylt 18 år for å vere med på temakvelden. Det er 8 plassar. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. Desse er oppdatert med særskilte vilkår i høve korona-pandemien.

 

 

Instruktør

Øystein Ormåsen er instruktør denne kvelden. Han er daglig leiar i Wild Voss AS, og har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Klatreinstruktør 1 Høgfjell,  NF Breinstruktør 1, NF Skredinstruktør 1 Alpint og er kursleiar i DNT.

Har du spørsmål, send epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Deltakarar må sjølv ordne transport. 

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload