Topptur med guide

- Toppturar tilpassa ditt nivå!

Vil du oppleve gleda ved å sette førstesporet ned frå toppen av eit fjell eller i leikent skogterreng? Har du skaffa deg toppturutstyr og er klar for å utforske nye områder? Med ein kompetent og lokalkjend guide frå Wild Voss får du ein snarveg til den beste snøen i Vossafjella. På turen får du kunnskap som kjem til nytte på din neste tur. 

Guida toppturar tilpassa ditt nivå

Vi har gjort det lettare for deg å velje rett tur. I menyen under finn du nivådelte turar. Vêret og snøtilhøva avgjer kva turplanen blir på den einskilde turen. Guiden veit kor sjansane er størst for å at du skal få ei god oppleving på ski, anten du er nybegynnar eller erfaren. 

20200119_105146.jpg

Lett

Passar for deg som:

  • Er nybegynnar på toppturski.

  • Veit lite om kor det er trygt å gå,

  • Treng hjelp til å bruke utstyret rett.

  • Vil ha kortare turar i lett terreng.

  • Vil lære det grunnleggande om skred og trygge vegval.

  • Vil på turar som varar i 3-5 timar.

Pris:

Kr 1490,-

IMG_20200511_121510_085.jpg

Middels

Passar for deg som:

  • Har vore på nokre toppturar før.

  • Er vand med å bruke skiutstyret.

  • Har litt skredkunnskap.

  • Vil på turar som varar i 5-7 timar.

  • Vil på nokre av dei mest klassiske toppane nær Voss.

Pris:

Kr 1790,-

IMG_20200421_203221_368.jpg

Krevjande

Passar for deg som:

  • Har fleire topptursesongar bak deg.

  • Er stødig på ski i brattare terreng.

  • Er i solid fysisk form.

  • Har grunnkurs skred eller tilsvarande.

  • Vil på turar som varar i 6-9 timar.

Pris:

Kr 1950,-

Kva får du oppleve?

Våre guida toppturar handlar om å skape meistring og skiglede i vinterfjellet. Mange av deltakarane på våre turar seier at dei vil sleppe å engste seg for om deira vegval og skredfarevurderingar er gode nok. Vi veit at du får ei betre turoppleving når du kjenner deg trygg og kan få råd og veiledning undervegs.

Voss er omkransa av snødekte fjell. Her finn du store, snøsikre områder med avrunda fjelltoppar i alle himmelretningar – perfekte for toppturar på alle nivå. Gled deg til nærkontakt med vakker høgfjellsnatur!

Vi legg vekt på å tilpasse turplanen til vêr, snøforhold og gruppas behov. Målet er at alle skal få kjenne meistring og skiglede undervegs. Planen for dagen legg vi i lag, gjerne med ein god plan B i tillegg.

På guida tur kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å nyte godt av guiden sin kunnskap. Vi legg opp til opne gruppeprosessar som sikrar aktiv deltaking og læring for alle.

Kvifor bli med på ein guida topptur?

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Vi er på ski i Vossafjella heile vinteren. Vi har oppdatert informasjon om snøtilhøve og solid områdekunnskap.

 

Guidens erfaringar frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område. Tryggheit gir større turglede!

Sesong

Frå snøen legg seg i desember til slutten av mai.

Krav til deltakarar

Er du frisk og har normal turform kan du bli med oss på topptur. Deltakarar må vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka. Du finn meir informasjon om kven turen pasar for under kvar turkategori. Sjå menyen over. 

Naudsynt utstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

 

Skiutstyr kan leigast hos Voss Resort, eller i Myrkdalen.

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre turar må: 

  1. Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Oppretthalde god handhygiene.​

Oppmøtetid og stad

Standard oppmøtestad er Coop Extra Skulestadmo, Voss (Google maps).  Vi møtast vanlegvis kl 9.00. Deltakarar vil få meir detaljert informasjon om oppmøtetid og stad i forkant av kvar tur. 

 

 

Prisar og vilkår

Lette turar kostar kr 1490,- per person (minstepris kr 2980).

Middels turar kostar kr 1790 per person (minstepris kr 3580).

Krevjande turar kostar kr 1950,- per person (minstepris kr 3900).

Nedre aldersgrense er 12 år. Maksimal gruppestorleik er 8 per guide (Lett tur). Grupper på 4 eller fleire får 25 % rabatt på prisen.  

Bestill tur ved å klikke på knappen "Send epost", og oppgi når du vil på tur. Vi tek gjerne kontakt og gjer nærare avtale. 

Prisen inkluderer:

  • Alle guiden sine førebuingar

  • Våre reisekostnader

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr

  • Leige av skredutstyr

  • Turleiing og undervisning av kvalifisert guide. 

Ikkje inkludert i prisen:

  • Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

  • Leige av skiutstyr.

Les om våre vilkår for påmelding og betaling (pdf). Vilkåra er oppdaterte i høve koronapandemien.

Spørsmål om føre, forhold eller anna?

Hos oss er gode råd gratis! Vi svarar deg gjerne om du vil ha tips til flotte skiturar eller råd om kvar du finn den beste snøen. Kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller send ein e-post til post@wildvoss.no .