Toppturhelg i Jordalen

- guida toppturar i Voss sitt beste skiterreng

5-7.mars 2021

Jordalen er i ferd med å bli kjend for å ha det beste skiterrenget i Vossafjella. Jordalen ligg høgt og har lang skisesong. Området byr på mange små dalføre med skiterreng i alle himmelretningar. Her finn vi flott og trygg skikøyring nesten uansett kva vêrmeldinga og skredvarselet seier. Guidane våre tek deg med på nokre toppturklassikarar både laurdag og sundag. Den store, moderne hytta til Stalheimsøy Gard ligg nære skiterrenget og blir vår base for helga. Ei sosial helg med skiglede i fokus!

20200307_102637.jpg

Opplev vinterfjellet på sitt beste

Kort om toppturhelga

Velkomen på topptur i vårt favorittområde! Fjella nord og vest for Nærøydalen og Nærøyfjorden innbyr til rein skiglede for alle, anten du er fersk på toppturskia eller har lang erfaring. Fra vår komfortable base i Nærøydalen har vi kort veg til skiterrenget i vakre Jordalen. I starten av mars er oftast snøtilhøva på sitt beste, dagane er lange og sola har fått noko av varmen tilbake.

 

Toppturhelga set skiglede i fokus. Vårt mål er at du skal oppleve meistring og glede på tur, i godt lag. Fjella i Jordalen er snøsikre og har mange flotte skitoppar. Denne helga blir du kjend med nokre av dei. Nærare plan for helga blir lagt når vi ser kva vêr og snøtilhøve vi får. Guidane dreg på synfaring nokre dagar før vi treffast, slik at dei har oppdaterte rapportar om kor vi bør dra.

Kvifor bli med på toppturhelg?

Våre guidar førebur turane grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Guidens erfaring frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

Krav til deltakarar

Du har vore på nokre skiturar eller toppturar i fjellet og har prøvd skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. Du føler deg frisk og er i brukbar turform ved turstart.

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller, solkrem og solbriller. Lunsjmat smører du på hotellet. Hugs rikeleg med drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Vi anbefalar bruk av hjelm på våre toppturar.

Naudsynt utstyr til opphaldet på hytta

Ekstra klesskift, handkle, toalettsaker, sengetøy, tøflar e.l. 

 

Praktisk gjennomføring

Oppmøte blir på hytta til Stalheimsøy Gard (Google maps) fredag innan kl 20.00. Dit kjem du enklast med bil. Vi startar med eit lett kveldsmåltid etterfulgt av ei kveldssamling – eit såkalla ferdråd. Der gjennomgår vi planen for helga, utstyret, avklarar forventningar og gjennomgår mogelege turar laurdag og sundag.

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur i Jordalen. Vi dreg ut etter frukost og kjem tilbake til hytta innan kl 18. Val av områder og turar heng saman med gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Det blir mykje tid ute i fjellet. Det blir ferdråd etter middag laurdag kveld, der vi evaluerer dagen og legg planen for sundagsturen.

Toppturhelga avsluttast sundag innan kl 18.00.

Om hytta

Hytta tilhøyrer Stalheimsøy gard og ligg nær E16 i Nærøydalen, like vest for avkøyringa til Jordalen. Hytta er stor, består av to sjølvstendige leiligheiter fordelt på to etasjar, og har høg standard. Vi disponerar begge leilegheitene denne helga.

Den øverste etasjen har til saman 12 sengeplassar fordelt på 5 soverom + hems. Kjellaretasjen har til saman 6 sengeplassar fordelt på tre soverom. Hytta har moderne standard med dusj, WC, tørkerom, romsleg stove og velutstyrt kjøkken. Alle senger har dyner og puter. 

Vi legg opp til sjølvhushald denne helga. Det betyr at den ansvarlege guiden (Carlos) organiserer felles matinnkjøp til middagar. Alle bidreg til å førebu middagar og halde hytta ryddig under opphaldet. Mat til frukost og lunsj tek du med sjølv. 

 

Prisar og vilkår

Pris for toppturhelg er kr 4250 per person. 

Prisen inkluderer:

  • Leige av moderne hytte med to leilegheiter frå fredag til sundag. Innlosjering på rom med to senger.

  • Obligatorisk ekstern utvask av heile hytta (totalt kr 2250,-). 

  • Guidane sitt forarbeid, inkludert ferdråd kvar kveld.

  • Guida turar i to heile dagar.

  • Leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

 

Ikkje inkludert i prisen:

  • Mat (felles middagar organiserast som spleiselag). 

  • Kostnader til transport.

  • Leige av skiutstyr.

Påmelding til toppturhelga skjer ved å klikke på knappen "Kjøp plass nå". Påmeldingsfrist: 19.februar. 

Vi må ha minst 5 påmelde for å kunne gjennomføre samlinga. Maksimalt 14 plassar.

 

Ved fleire enn 6 påmelde stiller vi med to guidar.

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. 

 

Ansvarleg guide

Hovudguiden denne helga er Carlos Abraldes Szigriszt, fast tilsett heilårsguide i Wild Voss. Han kjem frå Spania, men har slått seg ned på Voss. Han er ein lidenskapeleg skikøyrar som har lang erfaring frå skikøyring i Pyrenèane, Alpane og i norske fjell. Han har halde skredkurs og guida for Wild Voss i to vintersesongar, og kjenner Vossafjella like godt som sine heimtrakter i Spania. Carlos ligg an til å fullføre NF si sertifisering som skredinstruktør i løpet av vinteren 2021. 

 

Kontaktpersonar

Har du spørsmål om toppturhelga, send gjerne ein epost til Øystein Ormåsen: post@wildvoss.no eller ring 93484041.