Toppturhelg Scandic Voss

- to dagar med guida toppturar i herlege Vossafjell

19-21.mars 2021

I midten av mars er snøen på sitt djupaste, sola har fått tilbake varmen, og det er lange, lyse dagar. Ei perfekt tid for toppturar på ski! Denne helga kan du sjå fram til herlege guida toppturar på dagtid og høg komfort med god mat på kveldstid. Vi samarbeider med Scandic Voss om ei toppturhelg der alt er gjort klart til deg på førehand. Alt du må gjøre er å pakke skia og solbrillene og sette kursen mot Voss.    

20200307_102637.jpg

Opplev vinterfjellet på sitt beste

Kort om toppturhelga

Rundt Voss ligg flotte skifjell i alle himmelretningar: Raundalen, Skreieggi, Granvin, Jordalen, Brekkedalen og mange fleire. Fjella ligg mellom Hardangerfjorden i sør, og Sognefjorden i nord. Fjella er ikkje like spisse og bratte som lenger nord langs kysten, men for dei aller fleste toppturinteresserte er dette ein fordel. Her finn vi nemleg herleg og trygg skikøyring - sjølv når det er utfordrande skredtilhøve. Vi veit kvar det er lurt å leite etter den trygge linja med den beste snøen.

 

Toppturhelga set skiglede i fokus. Vårt mål er at du skal oppleve mestring og glede på tur, i godt lag. Vossafjella er snøsikre og har mange flotte skitoppar. Denne helga blir du kjend med nokre av dei. Nærare plan for helga blir lagt når vi ser kva vêr og snøtilhøve vi får. Guidane dreg på synfaring nokre dagar før vi treffast, slik at dei har oppdaterte rapportar om kor vi bør dra.

Kvifor bli med på toppturhelg?

Våre guidar førebur turane grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Guidens erfaring frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

Krav til deltakarar

Du har vore på nokre skiturar eller toppturar i fjellet og har prøvd skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. Du føler deg frisk og er i brukbar turform ved turstart.

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller, solkrem og solbriller. Lunsjmat smører du på hotellet. Hugs rikeleg med drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Vi anbefalar bruk av hjelm på våre toppturar.

 

Praktisk gjennomføring

Oppmøte blir på Scandic Voss hotell fredag kl 20.00. Vi startar med ei kveldssamling – eit såkalla ferdråd. Der gjennomgår vi planen for helga, utstyret, avklarar forventningar og gjennomgår mogelege turar laurdag og sundag.

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Vi dreg ut etter frukost, og kjem tilbake til hotellet innan kl 18. Val av områder og turar heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Det blir mykje tid ute i fjellet. Det blir ferdråd etter middag laurdag kveld, der vi evaluerer dagen og legg planen for sundagsturen.

Toppturhelga avsluttast sundag innan kl 18.00.

Om hotellet

Nye Scandic Voss ligg rett ved jernbanestasjonen, hit er det lett å kome frå Bergen og Oslo med tog. Voss Gondol er næraste nabo, og fraktar deg frå hotelldøra til skianlegget på 9 minutt. Hotellet har ein moderne og sporty stil, med rom tilrettelagde for alle. Haik Grill og Bar følgjer sesongen og tilbyr lokale og tradisjonelle råvarer med en spannande vri. I baren finst ulike spel og shuffleboard som kan kombineres med noko godt i glaset. Vårt treningsrom med badstu er perfekt for avkobling etter ein lang dag med aktivitet. Våkn opp til landets beste frokost, utkvilt og klar for ein ny dag på ski.

 

Prisar og vilkår

Toppturhelga inngår i ei komplett pakke som inkluderar guiding, hotellrom og måltid. Pris for toppturhelg med overnatting i enkeltrom kostar kr 6130 per person. Pris for toppturhelg med overnatting i dobbeltrom kostar kr 5340 per person (to personar).

Prisen inkluderer:

  • Hotellrom i to netter, frå fredag til sundag.

  • Tre-rettars middag fredag og laurdag (kokkens meny).

  • Frukost og niste laurdag og sundag.

  • Guidane sitt forarbeid.

  • Guida turar i to heile dagar, inkludert ferdråd fredag kveld og laurdag kveld.

  • Leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

 

Kostnader til transport og eventuell leige av skiutstyr kjem i tillegg.

Påmelding til kurset skjer ved å sende epost til voss@scandichotels.com .

Les om våre standard vilkår for påmelding og betaling her

 

Ansvarleg guide

Hovudguiden denne helga er Carlos Abraldes Szigriszt, fast tilsett heilårsguide i Wild Voss. Han kjem frå Spania, men har slått seg ned på Voss. Han er ein lidenskapeleg skikøyrar som har lang erfaring frå skikøyring i Pyrenèane, Alpane og i norske fjell. Han har halde skredkurs og guida for Wild Voss i to vintersesongar, og kjenner Vossafjella like godt som sine heimtrakter i Spania. Carlos ligg an til å fullføre NF si sertifisering som skredinstruktør i løpet av vinteren 2021. 

 

Kontaktpersonar

Har du spørsmål om turane, turutstyr eller anna kring den praktiske gjennomføringa, send gjerne ein epost til Øystein Ormåsen: post@wildvoss.no eller ring 93484041. For spørsmål om overnatting, måltid eller rom, send epost til voss@scandichotels.com eller ring 56 52 82 00.

Reise til Voss

Det går tog til Voss stasjon frå Oslo og Bergen, med fleire avgangar dagleg. Reisetid med tog frå Bergen er om lag 1 time og 10 minutt. Frå Oslo tek togreisa om lag 5 timar. Togtider finn du på https://www.vy.no/ .

 

Voss er ôg lett å kome til med både bil og buss. Det nye kollektivknutepunktet på Voss ligg rett utanfor hotellet. Busstider kan du finne på https://www.skyss.no/Rutetider-og-kart1/buss/ eller på https://www.nor-way.no/