Toppturkurs på Mjølfjell

- turplanlegging, kameratredning og trygge vegval

19-21.februar og 26-28.februar 2021

Denne helga inviterar Wild Voss til toppturkurs med fokus på turplanlegging og trygge vegval på toppturar i vinterfjellet. Fra vår base på Mjølfjell Ungdomsherberge er vegen kort til utfordrande høgfjellsterreng. Det betyr at vi får effektive dagar med mykje læring, sjølv midtvinters.

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Kursinnhald

Dette kurset gjør deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar i fjellet. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. På kurset får du vore på toppturar i vakre Raundalen. 

​Nokre aktuelle kursmoment: 

  • Korleis bruke RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel til turplanlegging?

  • Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?

  • Terrengklassar, bratthetsvurdering og terrengfellar på kartet og i terrenget.

  • Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

  • Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket. 

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 

  • Søk etter skredtekne med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.

  • Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar

Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. 

 

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Praktisk gjennomføring

Oppmøte blir på Mjølfjell Ungdomsherberge fredag kl 18.00. Kurset startar med ei kveldssamling. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår grunnleggande skredlære. Vi planlegg ôg turen neste dag. 

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Fjella øvst i Raundalen er snøsikre og godt eigna for kurs. Val av område og ruter heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs. Vær budd på mykje tid ute i fjellet. Både laurdag og sundag evaluerer vi turen vi har gjort, for å lære mest mogeleg. Om kvelden samlast vi i den trivelege peisestova og slappar av. ​

Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

 

 

​Overnatting og måltid

Mjølfjell Ungdomsherberge ligg ved enden av den vinterbrøyta vegen gjennom Raundalen, om lag 7 km aust for Mjølfjell stasjon. Vi bur i den sjølvbetjente delen (leirskulebygget). Der er bur vi i 2- eller 4 sengs rom. Vi har tilgang til eit velutstyrt kjøkken, dusj, WC og tørkerom. Romma har oppreidde senger.

Kursleiar organiserer innkjøp av felles måltid (frukost, lunsj og middag) til heile gruppa. Dette ordnar vi som eit spleiselag. Alle tar med tursnacks til eige bruk og eventuell drikke til middagane.

 

Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3750 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M). Prisen dekker og instruktørane sin kost og losji på Mjølfjell. 

Om du ynskjer overnatting på Herberget, kostar det kr 900 per person for to netter. Kursleiar tingar overnatting for deltakarane ved behov. ​Prisen inkluderer oppreidd seng på rom med 2-4 senger. Vi må sjølv vaske etter oss før avreise.

Kostnader til mat og transport kjem i tillegg. ​

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på tur nå". 

Les om våre standard vilkår for påmelding og betaling her

 

 

Kursleiar

Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er daglig leder i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleder, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Skredinstruktør 1 Alpint, er kursleiar i DNT og NF-sertifisert Klatreinstruktør 1 Høgfjell og Breinstruktør 1.

 

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  

Transport

Det går tog til Ørneberget, like ved Mjølfjell Mountain Lodge. Diverre er togtidene dårleg tilpassa skredkurs. Vi må difor basere oss på bruk av privatbilar. Kursleiar koordinerer bilkøyring om naudsynt.

 

Vegen opp i Raundalen kan være utfordrande og ha stygge kular vinterstid. Køyr varsomt og ha gjerne med kjettingar i bilen. Vegen er smal fleire stader, og det er lett å få hjula utanfor asfaltkanten.
 

 

Naudsynte førebuingar

For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vær og forhold utviklar seg før kurset. Les værvarselet for området jevnlig uken før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjoner fra nærområdet.

 

 

Kursmateriell (deles ut på kurset)

Skredkort, faregradsskala, skjema med 3x3 filter metode, kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

 

 

Anbefalt litteratur:

Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload