Videregående skredkurs

Pålitelig kunnskap om snø, skredterreng og risikoreduksjon

Arrangeres på bestilling

Korleis kan du vurdere kor trygt det er å passere eit utløpsområde eller køyre ned eit brattheng? Vårt 24-timars vidaregåande skredkurs gir deg robust kunnskap og sikre metodar for ferdsel i utfordrande skredterreng. Kurset bygger videre på kunnskap frå grunnleggande skredkurs/toppturkurs. I tillegg lærer du om snødekkeundersøking, stabilitetstestar og aktiv handtering av dei ulike skredproblema. Kurset legg opp til aktiv deltaking under kyndig vegleiing.  

hovedbilde_toppturkurs-menn.jpg

Bli trygg og sjølvstendig på topptur!

Vidaregåande skredkurs – aktivt og innhaldsrikt!

Vårt 24-timars vidaregåande skredkurs gir deg påfyll av viktig kunnskap og vegleiing i trygg skiferdsel. Meir kunnskap gir deg større turglede! Det meste av kurset finn stad ute på toppturar, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vi øver på metodar som gjer deg i stand til å ferdast trygt i Utfordrande skredterreng (KAST klasse 2). Vossafjella er snøsikre og har eit rikt utval toppturar som eignar seg godt til skredkurs. Kurset let seg derfor gjennomføre i nær sagt all slags vêr og under alle slags forhold. Seinvinteren byr på mykje dagslys og gode snøforhold – ideelt for eit innhaldsrikt og intensivt kurs.

​Skredlære - dette får du lære meir om:

  • Turplanlegging. Korleis finne den tryggaste turen med den beste snøen?

  • Bruk av Varsom RegObs.

  • Terrengklassifisering med KAST, både på kartet og i terrenget.

  • Aktiv handtering av varsla skredproblem. Filtermetoden. Val av terreng, nedkøyring og sikringstiltak.

  • Snødekkeanalyse. Systematisk snødekkeundersøking (SSU), svake lag, stabilitetstestar.

  • Metoder for undervegsvurdering (ALPTRUTH) .

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 

  • Kameratredning i skred med søk, utgraving og grunnleggande førstehjelp.

  • Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller? FACETS.

  • Sikker kunnskap og upålitelege erfaringar.

 

Plan for gjennomføring

Kurset har base ved vårt kontor på Tre Brør Kafé og Bar i Voss sentrum. Der samlast vi til teoriøkter og turplanlegging. Det blir høve til å kjøpe mat og drikke fra kaféen.

Fredag: 

18.00: Kursstart i andre etasje på Tre Brør Kafé. Fint om du har spist middag før oppmøte.
18.15 – 21.30: Presentasjonsrunde. Kursplan. Repetisjon av skredlære. Planlegging av tur laurdag.

Laurdag: 

8.30: Oppmøte og avreise. 

9.30 - 17.30: Topptur med læringsmoment og metodegjennomgang. Vi jobbar med terrengvurdering, identifisering av skredproblem, snødekkeanalyse og repeterer kameratredning.

18.30: Tilbake på Tre Brør. Pause med middag.

19.30-21.00: Felles økt med oppsummering av dagen. Litt teori. Planlegging av tur søndag.

Søndag:

8.30: Oppmøte og avreise. 

9.30 - 17.30: Topptur med læringsmoment. Deltakarane er sjølvstendige, og får vegleiing ved behov. Fokus på gruppeprosessar og beslutningstaking i skredterreng. Risikoreduserande tiltak og skikompis-mønster.

18.00: Tilbake på Tre Brør. Felles kursavslutning med evaluering. Alle får kursbevis.

19.00: Heimreise.

 

Om overnatting og måltid:

Du må i utgangspunktet sjølv ordne med overnatting og måltid på kurset. Vi hjelper deg gjerne med tips om overnattingsplass på Voss.

 

Krav til deltakarar

Du må ha erfaring frå toppturar i høgfjellet vinterstid. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du har gode nok skiferdigheiter til å meistre vekslande vêr- og snøforhold, både oppover og nedover. Du køyrer kontrollert på ski, ôg i kortare brattheng (30-35 grader). Du har skredkunnskap tilsvarande grunnkurs skred eller grunnleggande toppturkurs.

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski med feller (Rando/Telemark). Alle må ha skredutstyr (spade, sendar/mottakar, søkestong), snøbriller (goggles), vind- og vasstette skalklede med hette. Dunjakke/varmejakke, vindvottar med varme innervottar, lue, balaklava/ansiktsmaske, to fulle sett med ullundertøy, ullsokkar. Dagstursekk (ca 35 liter), drikkeflaske, termos, hodelykt med ekstra batterier, mobiltelefon. Kartmappe og kompass, skrivesaker. Vi tilrår bruk av skihjelm på våre skredkurs.

 

Kursinstruktør og kontaktperson

Kursleiar er Øystein Ormåsen. Han er dagleg leiar, kursinstruktør og guide i Wild Voss heile året. Øystein har gjennomført Norsk Fjellsportforum sitt skredinstruktørkurs, og er NF skredinstruktør 1 Alpint. Frå og med vinteren 2022 blir Øystein med i NVE sitt observatørkorps, og bidreg til den regionale skredvarslinga. Øystein har mange års fartstid som instruktør og guide både i Vossafjella og i Jotunheimen. 

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til  post@wildvoss.no eller ring på +47 93484041.  

 

​Prisar og vilkår

Vidaregåande skredkurs kostar kr 3950,- per person. Inkludert i prisen:

  • ​Arrangøren sitt forarbeid.

  • Deltaking på 24-timars kurs med NF-sertifisert skredinstruktør (to heile dagar og to kveldar).

  • Leige av kurslokale tre kveldar.

  • Alt naudsynt kursmateriell (skredkort, kartutskrifter, skrivesaker og anna materiell).

  • Dekking av alle instruktøren sine kostnader.

 

​Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av deltakarane sjølve.

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på kurs nå". Kurset har 6 plassar. Vi må ha minst 3 påmelde for å kunne gjennomføre kurset. Nedre aldersgrense: 16 år. Deltakarar under 18 år må ha attest frå føresette for å kunne delta. 

​Les våre vilkår for påmelding og betaling her. Vilkåra tek omsyn til Covid-19.

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre kurs må: 

  1. Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Oppretthalde god handhygiene undervegs på kurset.

 

Naudsynte førebuingar som sikrar eit godt utbytte av kurset

Les værvarselet for kursområdet jevnlig uka før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjoner fra nærområdet.

 

Kursmateriell (delast ut)

Skredkort, faregradsskala, skjema med 3x3 filter metode, kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

 

Anbefalt litteratur:

  • «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2013, Selja Forlag).

  • «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).

  • Se filmklipp og les artikler på «Snøskredskolen» på varsom.no/snoskredskolen